Vil du snakke med oss?

Fylkesmannen skal sjekke at barnevernet respekterer rettane til deg som er barn eller ungdom på institusjon. Ta kontakt med oss her!

Du kan også ta kontakt med oss i saker som gjeld oppfølginga du får frå barneverntenesta i kommunen.

  • Du kan sende oss ei melding via Send sikker melding på denne sida
  • Du kan ringe direkte til ein av oss som jobbar med barnevern. Kontaktinformasjon står på høgre side her
  • Du kan besøke oss på Lagårdsveien 44 i Stavanger, rett ved sida av brannstasjonen

Kjem du på besøk, kan det vere lurt å avtale på førehand.