Bruk av politi i barnevernet

Det kan i særskilte tilfelle vere naudsynt for barnevernet å få hjelp av politiet. Bruk av politi er eit svært alvorleg inngrep og skal berre nyttast i naudstilfelle.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.06.2015

Dette blir presisert i det vedlagde brevet frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til Fylkesmannen i Aust-Agder. Det går fram av brevet at det berre er barnevernsleiar som kan fatte ei avgjerd om politibistand og at tilsette i barnevernet alltid skal vere til stades saman med politiet.

Ei avgjerd om politibistand er ikkje eit enkeltvedtak i forvaltningslova si meining, men krev at barnevernstenesta dokumenterer dei vurderingane som ligg til grunn for avgjerda.

Grunnlaget for å krevje politibistand er heimla i barnevernlova § 6-8.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar