Vil du bli verje?

Etter lov om verjemål skal vaksne personar som ikkje er i stand til å ta vare på eigne interesser, ha verje. Grunnen kan vere psykisk utviklingshemming, rusmiddelmisbruk, spilleavhengigheit, alvorleg svekka helse eller psykiske lidingar. Fylkesmannen i Rogaland ønskjer difor å kome i kontakt med personar som vil ta på seg ei slik oppgåve.

Etter verjemålslova skal det i kvart fylke vere fleire faste verjer for å sikre at interessene til personar under verjemål blir tatt hand om på ein god og profesjonell måte. Ein fast verje må kunne ta fleire oppdrag, og ein kan få godtgjort inntil 10 000 kroner i året for kvar person ein er verje for.

Fylkesmannen har no 70-80 verjer i det faste verjekorpset, men i nokre delar av fylket treng vi fleire, særleg i Ryfylke og på Haugalandet. Ein kan vere verje både på det økonomiske og det personlege området. Det kan vere å utføre økonomiske gjeremål på vegner av den ein er verje for og sjå til at personen får dei tenestene han eller ho har krav på for å kunne ha eit godt liv. Det vil ikkje vere snakk om reine omsorgsoppgåver, for det skal andre instansar ta seg av.

Fylkesmannen har som oppgåve å gi verjene hjelp gjennom opplæring, rådgiving og rettleiing. Vi ønskjer å skape eit godt miljø for dei som er faste verjer i Rogaland, og ingen skal kjenne seg aleine med oppgåvene.

For å kunne vere verje må du vere over 18 år og ikkje sjølv vere under verjemål. Du må også ha god vandel og må leggje fram politiattest. Det vi legg vekt på er om du er flink til å handtere utfordringar, har kjennskap til offentlege instansar, er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og ikkje minst ønskjer å gjere ein innsats for andre.

Dersom du er interessert i verv som fast verje kan du kontakte:

Anne Beth Hovland, tlf. 51 56 88 87, e-post: fmroabh@fylkesmannen.no

Kontaktpersoner