Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for 2019

Det er no høve til å søkje om tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstiltak. Med atterhald om at statsbudsjettet vert godkjent, vil Fylkesmannen i Rogaland ha om lag 1 150 000 kroner til disposisjon i tilskotsordninga for kommunane i Rogaland.

Søknadsfristen er 20. mars 2019.

Målet med ordninga er å stimulere til utvikling av kommunale helse- og omsorgstenester som støttar opp under og realiserer måla i samhandlingsreforma og NCD-strategien om å fremje fysisk og psykisk helse, førebyggje sjukdom, bidra til meistring av sjukdom og til betre ressursutnytting av samla innsats i helse- og omsorgstenestene.

Søknaden må vere underskriven av rådmannen eller tilsvarande og må innehalde:

  • Opplysningar om tiltak det blir søkt om tilskot til og kva som er føremålet.
  • Budsjett som viser kva utgifter det er rekna med til det aktuelle tiltaket, kor mykje kommunen sjølv eventuelt vil løyve og kor mykje det blir søkt om frå Fylkesmannen.
  • Namn på kontaktperson i kommunen, eventuelt referansenummer og kontonummer for innbetaling.
  • Send søknaden i e-brev til Rogaland fmropost@fylkesmannen.no eller med vanleg post til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 5020 Stavanger.
  • Bruk helst mal for søknad som dei finn i høgremargen av dette oppslaget.

Fylkesmannen krev å få tilsendt rapport og rekneskap for bruken av pengane innan 31. mars 2020. Dersom tilskotet ikkje blir nytta i samsvar med føremålet, vil vi krevje pengane tilbake. Kommunar som fekk tilskot i 2018, må levere rapport og rekneskap for dette seinast 31. mars 2019.

Søknadsfrist:
20.03.2019 23:59:00
Målgruppe:
Kommunar i Rogaland
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunar i Rogaland

Kontaktpersoner