Stor fare for snøskred i Rogaland

Store nedbørsmengder, kombinert med kraftig vind, gjer at NVE vurderer skredfaren i Rogaland som stor i dag. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.01.2017

Folk bør unngå skredterreng og utløpsområde - og enkelte vegstrekningar er utsette. Mykje nedbør i kombinasjon med kraftig vind fører til danning av ferske nysnøflak i og over tregrensa. Desse kan losna som middels store, naturleg utløyste skred.

Faregrad 4

Snøskredfaren blir vurdert til faregrad 4 (stor) i dag i dei områda som får mest nedbør i form av snø. Skredfarevurderinga er i hovudsak gjort på grunnlag av vêrmeldinga.

Høg vasstand torsdag 12. januar

I morgon er det venta høg vasstand ved flo om føremiddagen. Det kan bli 60-75 centimeter over verdiane i tidevasstabellen. Estimert returverdi for slike høgder på stormflo er 10-20 år. Meir informasjon om tidevatn og vasstand finn du på sehavnivå.no.

Fylkesmannens vurderingar

For Rogaland viser prognosane nå ein vasstand på 171 cm over sjøkartnull/104 cm over normalnull 1954 ved målestasjonen i Stavanger. Lokalt betyr dette eit nivå mellom 20 års og 100 års gjentaksintervall. Dette er lågare enn høgast observerte vasstand, som ligg på 184/116 cm. Men det er betydeleg høgare enn dei nivåa me har observert dei siste åra. Skadepotensialet på utsette område kan vera stort dersom prognosane slår til. Vindretning og -styrke påvirka oppstuing av vatn og bølgepåslag. Vêrsituasjonen er nå under auka overvaking.

Fylkesmannen i Rogaland har varsla kommunane og regionale etatar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.