Fare for flaum og jordskred i Rogaland

Det er venta mykje nedbør frå natt til søndag og dei kommande døgna i heile Rogaland. Lokalt kan det komma mykje nedbør. Mildvær gjer at nedbøren kjem som regn også i høgfjellet. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.12.2015

Dette vil føra til auka vassføringer i elver og bekkar der dei største nedbørsmengdene kjem. Reguleringar vil i nokre tilfelle virka flaum, og varselet vil derfor ikkje nødvendigvis gjelda i regulerte vassdrag.

Vedvarande nedbør den siste veka har ført til at grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er høg. Bratte skråningar, og bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette. Reinsing av dreneringsvegar og stikkrenner er tilrådd.

Flaumfaren er vurdert som størst i Nord-Rogaland, mens jordskredfaren gjeld heile fylket der topografien ligg til rette for dette.

Varsla ligg på www.varsom.no.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner