Departementet godkjenner bustadområde på Austre Åmøy i Stavanger

Både Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland hadde motsegn til bustadområdet, av omsyn til nasjonal og regional jordvernpolitikk – og fragmentering av landbruksareal.

Fylkeskommunen vektla i tillegg omsynet til kulturlandskap og potensialet for kulturminne i området, og Fylkesmannen peikte på at utvikling av området ville vere i strid med statlege retningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging.

Stavanger kommune har på si side eit ønske om å legge til rette for bustadbygging for å auka talet barnefamiliar og styrka lokalmiljøet på øya.

Departementet si avgjerd

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i handsaminga si lagt vekt på kommunen sitt behov for å oppretthalde eit levande lokalsamfunn på Åmøy, og meiner at kommunen sitt behov for befolkningsutvikling på øya veg tyngre enn klima-, landskaps- og landbruksomsyna som ligg til grunn for motsegnene frå Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland.

Departementet ser også positivt på at kommunen har regulert inn gang- og sykkelveg langs Åmøyveien som eit bidrag til å trygga ferdsel for barn og unge på øya. I si vurdering av omsynet til landbruk erkjenner departementet at arealendringa kan føre til fragmentering av kulturlandskapet, og oppmodar derfor kommunen om å stilla krav om tilpassing av den nye busetnaden til omgjevnaden i den vidare planlegging av området.