Ikkje ta ut Ålgårdbanen

Fylkesmannen har i brev av 23.09.2019 klart rådd frå at Ålgårdbanen blir teken ut av det nasjonale banenettet. Vi meiner det gir feil signal å ta bort eit banebasert alternativ mellom Sandnes og Ålgård.

Ei av våre innvendingar mot planane til Bane NOR er at banebasert transport ikkje må utelatast som eit alternativ i framtida. Det i eit tid med sterkt fokus på redusert personbiltrafikk.

Satsing på kollektivtransport

I nyleg vedteken Regionalplan for Jæren er det stadfesta at regionen skal gjere eit betydeleg løft for å utvikle kollektivtransport, gåing og sykling. Ålgårdbanen er nemnt som eit av fleire moglege alternativ for framtida.

Kommunane ønskjer ikkje ending

Både Gjesdal og Sandnes kommunar, som er lokal planmynde, har gitt tydelege råd om å oppretthalde Ålgårdbanen inntil vidare. Vi meiner dette eit viktig moment i saka.

 

Uttalen vår finn du som vedlegg til denne nettsaka.