Birkelandsvatnet: Ja, men på strenge vilkår

Interkommunalt vann-, avløps- og renovasjonsverk (IVAR) ønskjer å nytta Birkelandsvatnet i Bjerkreim som ny drikkevasskjelde. Bakgrunnen er eit aukande behov for vatn i jærkommunane fram mot 2050. Fylkesmannen i Rogaland seier ja, men set klare krav.

Me meiner det er viktig at den store befolkninga på Jæren blir sikra trygg og tilstrekkeleg vassforsyning på lang sikt. Men me forventar ei rekke tiltak som sikrar verdiane i det verna vassdraget, både knytt til hydrologi, landskap, naturmangfald, landbruk og forureining.

Må sikra minstevassføringa ut av Birkelandsvatnet

Bjerkreimsvassdraget er eit verna vassdrag og har status som nasjonalt laksevassdrag. Me må vera sikre på at det kjem tilstrekkeleg med vatn ut frå Birkelandsvatnet, mellom anna av omsyn til laksen i vassdraget. Det er kritisk viktig at minstevassføringa ikkje på noko tidspunkt skal vera under 2,5 m³/s ut av vatnet. Men erfaringa frå andre vassdraget viser at det kan vera særs krevjande å få til dette på ein varig og sikker måte. Me ber derfor NVE i den vidare behandlinga bringa dette på det reine, gjennom klare krav og tydelege vilkår.

Uro for gardsdrifta

Det har blitt uttrykt stor uro frå Bjerkreim kommune for at gardane i området rundt Birkelandsvatnet blir «klausulerte mot aktivitet» av omsyn til kvaliteten på vatnet. Fylkesmannen har forståing for denne uroa. Men det kjem tydeleg fram av søknaden at IVAR ikkje finn klausulering nødvendig, verken i høve til dagens aktivitetar i området eller det potensialet ein ser føre seg i framtida. Me tar dette til etterretning. Likeeins at NVE gjennom si behandling etter vassressurslova ikkje har høve til å setja vilkår om garantiar mot følgjer av eventuelle klausulerande regelendringar.

Birkelandsvatnet er i grenselandet mellom særs god og god tilstand. Vassførekomsten er særs robust. Det er etter vårt syn lite truleg at framtidig aktivitet i nedslagsfeltet kan føra til endring frå god til moderat tilstand. Ei tilstandsendring til moderat vil vera den klart viktigaste grenseovergangen for behandling etter § 12 i vassforskrifta.

Stort lekkasjetap

Mykje vatn går i dag tapt på grunn av lekkasje i leidningsnettet. Grovt stipulert er lekkasjetapet 35–40 prosent i delar av IVAR-regionen. IVAR har ikkje høve til å påleggja medlemskommunane å tetta lekkasjane. Fylkesmannen meiner dette er lite tilfredsstillande, både samfunnsøkonomisk, i høve vassuttak i verna vassdrag, og i høve langsiktig beredskap også etter 2050. Me oppmodar NVE om å greie ut kva lovgrunnlag som kan nyttast for å forsera utbetring av slike omfattande lekkasjar. Å stoppa dette, kunne vore eit godt alternativ til planlagt utbygging i verna vassdrag.

Heile høyringsuttalen til Fylkesmannen finn du i høgremargen.