Relansering av Miljøstatus i Suldal

Nettsida Miljøstatus i Suldal blir i dag relansert i ei ny og moderne utgåve. Målet er gi samla, oppdatert og brukarvennleg informasjon om natur, friluftsliv, miljø og kulturminne i kommunen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.09.2015

Suldal har eit naturlandskap og miljø av ypperste klasse. Det har difor vore eit mål at også nettsida skal vere i øvste divisjon av kommunal natur- og miljøinformasjon.

Det er Suldal kommune ved Bygdeutvikling som er ansvarleg for innhaldet. Jarle Lunde, i samarbeid med Bygdeutvikling m.fl., har utarbeidd og oppdaterer sidene.

I 2004 blei kommunen del av eit tredelt system for å skildre miljøtilstanden i landet: Miljøstatus i Norge, i fylka og i kommunane. Etterkvart blei nettsidene lagt om og frå og med 2015 er Miljøstatus i Suldal på eiga plattform. Ein fordel med dette er at innhaldet nå er søkbart frå kommunen si heimeside.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktinformasjon