Webinar om areal- og naturregnskap - Kva gjer fylkeskommunen?

Bryne sentrum
Foto: John Gunnar Skien / Statsforvalteren.

Årets andre webinar om klima og naturmiljø arrangerast den 13 juni, klokken 10.00 - 11.00. Temaet for webinaret er fylkeskommunens arbeid med areal og naturregnskap. Webinaret arrangerast av Rogaland fylkeskommune i samarbeid med Statsforvalteren i Rogaland. Arrangementet er gratis og opent for alle.

Publisert 12.06.2023

Fylkeskommunen ønsker å informere om og få tilbakemeldingar på arbeid med areal- og naturregnskap. Som del av kunnskapsgrunnlag til ny regional planstrategi – Utviklingsplan for Rogaland – har me starta opp arbeid med arealregnskap for utvalde kommunar i fylket, med mål om å få på plass arealregnskap for heile Rogaland. Arealregnskap kan vere eit nyttig verktøy for å gjere vurderingar knytt til disponering av areal både på regionalt og lokalt nivå.

Naturregnskap er eit verktøy under utvikling som i tillegg til arealregnskap også omfattar økologisk tilstand og økosystemtenester. Me opplever stor interesse og behov for arealregnskap i alle forvaltningsnivå, men korleis gjer vi det best mogleg basert på tilgjengeleg datagrunnlag om areal og natur?

Alle fylkeskommunar er no med i eit forprosjekt på areal- og naturregnskap med Asplan Viak og NINA i regi av KS. Her får du siste nytt frå både dette prosjektet og kva Rogaland fylkeskommune gjer for å følgje opp både sitt eige og kommunane sitt behov for kunnskap knytt til berekraftig arealbruk. Utvalde kommunar vil også dele nokre erfaringar. Det setjast av god tid til spørsmål og innspel.

 

Påmelding finn du ved å trykke her, eller å lime inn denna lenka direkte i nettlesaren din:

https://events.teams.microsoft.com/event/746297ca-b58b-4b38-b4af-5d431a80422c@026cbe1f-01c4-4698-a566-2fc43ebec731

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.