Statsråd Dale til Rogaland

Biogass og beiteressursar er sentrale tema når statsråd Jon Georg Dale besøker Rogaland i dag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.01.2017

Jæren biogass

Olav Røysland eig og driv Jæren biogass AS på heimagarden på Voll i Klepp kommune. Han har ein buskap på 150 purker og fleire tusen slaktegrisar. Den driftige bonden driv for tida og testar ein reaktor som omdannar husdyrgjødsla til biogass. Han testar og ut ny bruk av bioresten som er eit organisk gjødselprodukt. For husdyrfylket Rogaland er bioresten vel så viktig som biogassen. Biogassanlegg og foredling av restprodukt reduserer klimagassutsleppa og er ein fornuftig bruk av ressursane på gardane.

Ingve og Gunvor Berntsen

Ingve og Gunvor Berntsen driv gard på Gausland i Hå kommune. Garden har flotte beite- og utmarksområder som gir grunnlag for en produksjon av ammekyr og nisjeproduksjon av Vestlandsk fjordfe. Ingve er ein driftig kar som i ein alder av 17 år overtok garden og har vore engasjert i mangt og mykje. Han har tatt utdanning, er politisk aktiv og er med i ulike styrer og råd. I desse dagar er eit nytt lausdriftsfjøs i ferd med å reise seg. For sitt sterke engasjement for landbruket, blei han kåra til «Årets unge bonde» i 2016.

På gardsbesøka i dag deltar i tillegg til statsråden politisk rådgivar Margrete Dysjaland, Ståle Norang og Line Meinert Rød frå Landbruks- og matdepartementet og landbruksdirektør Geir Skadberg frå Fylkesmannen i Rogaland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.