Når dei målretta tiltaka gir frukter

Fruktplanter på Helgøy
Helgøy er ein av fleire stader det er blitt etablert nye fruktfelt. (Foto: Kari Sand)

Sidan 2014 har vi hatt ei svært målretta satsing på å få opp fruktproduksjonen i fylket. Godt samarbeid med næringa, godt koordinert arbeid mellom mobiliseringsaktivitetar og strategisk bruk av IBU-midlane har gitt resultat. I perioden 2015–2019 blei det planta 485 dekar med eple, 70 dekar med morellar i tunell, 9 dekar plommer og 20 dekar pære

Strategiar må følgjast opp med målretta arbeid i det daglege. Mykje godt mobiliseringsarbeid blir lagt ned innan dei store tradisjonelle produksjonane som mjølk og kjøt, og ikkje minst innan frukt og bær, reiseliv, lokalmat, økologisk, fornybar energi, juletre og miljøtiltak.

Det er potensiale for auka planteproduksjon på friland i Rogaland. Berre 5 prosent av jordbruksarealet i fylket blir nytta til anna planteproduksjon enn grovfôr. Kornproduksjon utgjer den største delen i areal, resten av arealet er potet, frilandsgrønnsaker og frukt og bær. Samla verdiskaping frå desse produksjonane var i 2017 på 135 millionar kronar. Av dette 110 mill. kr frå potet og frilandsgrønsaker, 14 mill. kr frå frukt og bær og 11 mill. kr frå kornproduksjon.

Sidan 2014 har vi hatt ei svært målretta satsing på å få opp fruktproduksjonen i fylket. Godt samarbeid med næringa, godt koordinert arbeid mellom mobiliseringsaktivitetar og strategisk bruk av IBU-midlane har gitt resultat. I perioden 2015–2019 blei det planta 485 dekar med eple, 70 dekar med morellar i tunell, 9 dekar plommer og 20 dekar pære. Fruktsatsinga har både motivert dagens dyrkarar og rekruttert nye. Bak 485 dekar med eple står etablerte fruktdyrkarar for planting på 200 dekar, medan heilt nye fruktdyrkarar har planta 285 dekar. Når all nyplanting kjem i produksjon, er det venta at den årlege verdiskapinga kjem på 35 mill. kr. Nytt fruktpakkeri i Årdal, opna i 2017 er òg eit resultat av satsinga.

 

Rett og slett ein suksess!

Kontaktpersoner