Auka sats for investeringsmidlar i landbruket for 2024

Trefjøs i Bjørheimsbygd
Trefjøs i Bjørheimsbygd Foto: Anfinn Rosnes.

Det er semje i Landbrukspartnarskapet i Rogaland om å opne opp for at enkelte mjølkefjøs med høgast prioritet kan få over 40 prosent av kostnadsoverslaget i støtte. 

Publisert 31.10.2023

26. oktober var det dialogmøte i Landbrukspartnarskapet i Rogaland, der hovudtema var status for bruk av investeringsmidlar for 2023 og prioritering for 2024.

Rogaland fylkeskommune har i oppdrag å utforme oppdragsbrevet til Innovasjon Norge for forvaltning av dei bedriftsretta investeringsmidlane (IBU), og prioriteringa blir avklart gjennom god dialog i partnarskapet. På møtet hadde vi første dialog om prioriteringane for 2024.

92 millionar kroner i IBU-potten for 2024

I jordbruksoppgjeret for 2024 blei det avtalt at det er sett av 1220 millionar kroner til investeringsmidlar i jordbruket, av dette går 92 millionar kroner til Rogaland. Det er sett av 100 millionar kroner av løyvinga til ein sentral pott øyremerka til lausdriftsfjøs for storfe. Det er også avtalt auke til kva som kan løyvast i eit prosjekt, med inntil 40 prosent og 3,5 millionar kroner. I juni 2023 blei det i tillegg gjort endringar i forskrift for å stimulere ekstra til ombygging til lausdrift for storfe, med inn til 50 prosent og maksimalt tilskot på 5 millionar kroner. Det er framleis ei klar prioritering mot små og mellomstore mjølkebruk og lausdriftskravet, og dette er difor vektlagt i vår prioritering også for 2024.

Stor etterspurnad etter IBU-midlar også i 2023

48,5 millionar kroner (46 prosent av IBU-potten for 2023) har gått til 24 mjølkeprosjekt om vi reknar med støtte til generasjonsskifte. Etter at midlane vart brukt opp i sommar, fekk Rogaland tildelt 17 millionar ekstra frå andre regionar. Det er elles løyvd midlar til 9 svineanlegg for omlegging til SPF (høgaste helsestatus), og også om lag 7 millionar kroner til nødvendig fornying av sauefjøs. Det er løyvd 7,4 millionar kroner til tilleggsnæringar, til dømes investeringstiltak innan lokalmat og reiseliv.

Ekstramidlane er no brukt opp, og prosjekt som er i tråd med vår prioritering må vente grunna mangel på midlar.

Prioritering av investeringsmidlar i 2024

Det var semje om å følgje hovudtrekka i oppdragsbrevet for 2023, altså fokus på mjølkefjøs for inn til 30 kyr med basis i eiga kvote og eige grovfôrgrunnlag. I tråd med det som er avtalt i jordbruksoppgjeret vil i Rogaland også auke støttesats i det enkelte prosjekt, der dei høgaste prioriterte investeringar til lausdriftsfjøs kan oppnå støtte på over 40 prosent av kostnadsoverslag.

Det blir framleis opna opp for midlar til sau og kjøttfe, innan eksisterande produksjon og med særleg fokus på dyrevelferd. Meir konkretisering blir gjort etter nytt møte i partnarskapet i desember, og i prioriteringsbrev frå Rogaland fylkeskommune som kjem tidleg i 2024.

Webinar om prioritering IBU 2024 den 30. november

Det blei semje i møtet om å arrangere eit ope webinar med tema prioritering IBU 2024, og anna aktuelle informasjon, den 30. november 2023 klokka 10:00. Det vil kome meir informasjon om dette tidleg i november. Velkomen til å delta!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.