Yst, yst, så får du ein ost

Det har vore ein overveldande respons på våre mjølkeforedlingskurs. 40 deltakarar har hatt gleda av å bli lært opp av den kjende ystaren Lise Brunborg frå Stavanger ysteri.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.11.2016

Få om nokon har så stor fagleg kunnskap om ysting som Lise Brunborg. Tre laurdagar i Sand, Forsand og på Helleland har ho gjenteke prosessen saman med ivrige deltakarar; varma mjølk rett frå tanken, tilsett løype, skore ostemassen og laga fetaost. Mellom dei ulike fasane har ho gjennomgått teori.

Desse inspirasjonskursa blir følgd opp med eit fordjupingskurs i ysting i januar 2017 hos nettopp Lise Brunborg og Stavanger ysteri. Dette kurset går over fire heile dagar og vil omhandle produksjon av ulike ostetypar og fagtur til Voll ysteri på Jæren.

Fylkesmannen i Rogaland har i 2016 sett søkelyset på mjølkeforedling. Vi ønskjer at bønder i fylket skal produsere meir ost, smør og yoghurt basert på dei dyrebare, kvite dråpene. Importen av foredla mjølkevarer er tilsvarande 200 millionar liter, så potensialet for meir lokal produksjon er til stades. Til samanlikning blir det produsert nær 300 millionar liter mjølk i Rogaland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.