Reduserte mjølkekvoter ikkje til hinder for nyskaping

Staten reduserer kvotene for kumjølk med 2% frå i fjor, og for bøndene i Rogaland utgjer dette snaut 6 millionar liter mjølk.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.11.2016

Eller sagt på ein annan måte, 735 færre mjølkekyr berre i Rogaland. Med ein buskap på 40 mjølkekyr tilsvarer det verdiskapinga på 18 gardsbruk som fell vekk.

I forkant av endringa gjennomførte Landbruks- og matdepartementet kvotedrøftingar med Norges bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag. Marknadsregulator TINE sitt råd var å redusere mjølkekvotene og faglaga var einige i dette. Statsråd Jon Georg Dale fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 0,98 og 0,96 for geitemjølk for kvoteåret 2017. Statsråden meiner at endringa ikkje var naudsynt.

«Sjå på marknadsmoglegheitene»

Dette gjentar statsråden titt og ofte i sine føredrag. Det importerast mjølkeprodukt tilsvarande 200 millionar liter i Noreg. Bønder i Noreg kan gjere noko med denne situasjonen ved å foredle mjølka til ost, yoghurt, smør og andre mjølkeprodukt slik at produksjonen kan oppretthaldast. Inntil 900 000 liter totalt kan kvar gard levere av det kvite gullet viss ein har nok areal til fôr og gjødsel, bygningar osv. Bøndene må i så fall søke godkjenning av lokalforedlingskvote hos Landbruksdirektoratet.

Tid og ressursar blir fort den avgrensande faktoren for bønder som tenkjer å starte opp med eige ysteri og meieri. Løysinga kan enda opp med eit samarbeid mellom fleire bønder og leigd foredlingskompetanse.

Dette er ekstra interessante og viktige tankar for distrikta, for talla viser at mjølka renn til Jæren.

- Det er ei utvikling vi har sett over tid, men som næringa og vi ikkje har klart å bremse opp trass mange mottiltak, seier landbruksdirektør Geir Skadberg.

Fylkesmannen i Rogaland har utarbeida ei oversikt over utviklinga i mjølkekvotene frå 2008 til 2016. For Rogaland sin del har den auka med 3,9% i denne perioden og da er det Jæren som drar opp med 7,1%. Men for dei tre andre regionane er det nedgang: -2,0% i Dalane, - 1,6% i Ryfylke og -1,0% på Haugalandet.

Vil mjølkebøndene i Rogaland sjå potensialet for auka verdiskaping i nye meieri og ysteri? Det vil tida vise, men vi merker ei endring.

Sjå tv-innslag om Stavanger ysteri på nrk.no/rogaland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.