Fylkesmannen avslo konsesjon for erverv av landbrukseigedom

Bilete viser jordbrukslandskap på Jæren, det er ikkje kobla til omtala sak (foto: Fylkesmannen i Rogaland).
Bilete viser jordbrukslandskap på Jæren, det er ikkje kobla til omtala sak (foto: Fylkesmannen i Rogaland).

Time formannskap gav konsesjon for erverv av gardsbruk på Undheim. Fylkesmannen meinte at ervervet ikkje innebar ei driftsmessig god løysing og gjorde om kommunen sitt vedtak slik at konsesjon blei avslått.

Den aktuelle eigedomen har ein total storleik på 310 dekar med blant anna 94 dekar dyrka jord og 127 dekar innmarksbeite. Konsesjonssøkar ønskte å bygge opp og etablere sjølvstendig drift på garden.

Fylkesmannen vurderte eigedomen som eit bruk utan tilstrekkeleg driftsgrunnlag ettersom eigedomen ikkje har bygningar. Vi la også vekt på at det ville gi ei betre driftsmessig løysing dersom konsesjonseigedomen blir seld som tilleggsjord i Undheim-området. For meir informasjon kan du lesa Fylkesmannen sitt vedtak her. 

Kontaktpersoner

Dokumenter