Regelverk om bruksendring av driftsbygningar

Dersom ein driftsbygning skal brukast til anna enn landbruksdrift må ein søkje dispensasjon
Dersom ein driftsbygning skal brukast til anna enn landbruksdrift må ein søkje dispensasjon (Foto: Fylkesmannen i Rogaland)

Mange ønsker å nytte driftsbygningar til andre føremål dersom bygningen av ulike årsaker ikkje lenger skal nyttast til landbruk. Det er samstundes viktig at kommunane bruker lovverket aktivt for å unngå bygningsbruk som kan komme i konflikt med landbruksinteressene.

Utkjøpsordninga for smågrisprodusentar og avviklinga av pelsdyrnæringa fører sannsynlegvis til at ønske om alternativ bruk av driftsbygningar blir ei endå meir aktuell problemstilling i tida som kjem.

Omsyn til landbruksdrifta i området skal ha prioritet

Det meste av landbruksareala i fylket er i kommuneplan vist med LNF-føremål (landbruks,- natur- og friluftsområde). Bruksendring av driftsbygningar til anna føremål enn landbruk krev då dispensasjon frå kommuneplanen. Kvar dispensasjonssøknad skal vurderast konkret opp mot vilkåra i plan- og bygningslova § 19-2. I saksbehandlinga skal det derfor leggast vekt på kva arealbruksinteresser som gjer seg gjeldande i det aktuelle området og kva type bruk søkjar ønsker i driftsbygningen. Omgivnader og konkurrerande arealinteresser varierer frå sak til sak. Saker om alternativ bruk av driftsbygningar er gjerne endå meir krevjande i meir sentrale jordbruksområde på Jæren enn i distrikta. Det kjem av at presset på slik alternativ bruk er størst i meir sentrale strøk, etablering av anna næringsdrift kjem også lettare i konflikt med landbruksdrifta i meir intensivt drivne område.  

Fylkesmannen blir involvert i dispensasjonssaker om bruksendringar i LNF-områda gjennom høyring og vi har derfor ein etablert praksis for korleis vi vurderer slike saker. I saker som gjeld alternativ bruk av driftsbygningar skal omsynet til landbruket i området ha prioritet. Dersom det skal opnast for anna næringsdrift i slike område må det derfor dreie seg om ein bruk som kan innordne seg landbruksinteressene og som ikkje fører til driftsmessige ulemper for jordbruket. Det er derfor viktig at det ikkje blir etablert publikumsretta eller trafikkintensive verksemder som kan komme i konflikt med landbruket på slike stader. Bruk av driftsbygningar til meir passiv lagerbruk kan derimot vere akseptabelt.

Vilkår om tidsavgrensing

Dersom kommunen vel å gi dispensasjon i saker om alternativ bruk av driftsbygningar, er det i utgangspunktet ønskeleg med vilkår om tidsavgrensing på 3-5 år i tråd med etablert praksis.

Det er særleg viktig dersom det skulle vise seg å skje ei uønska utvikling i området t.d. knytt til landbruksdrifta, naboeigedomar o.a.  

Kontaktpersoner