Nei til oppføring av bustadhus på landbrukseigedom

Illustrasjonsfoto, frå Mosterøy
Illustrasjonsfoto, frå Mosterøy

Det er ingen automatisk rett å erstatte gamle hus på landbrukseigedomar med nye dersom det ikkje er behov for huset i gardsdrifta. Settefylkesmann gir Fylkesmannen i Rogaland medhald i klagesak og seier nei til oppføring av nytt bustadhus på gardsbruk i Rennesøy.

I eit vedtak frå januar i år gav Rennesøy kommune løyve til riving av eit eksisterande eldre hus med påfølgande oppføring av nytt på eit gardsbruk utan sjølvstendig drift. Saka måtte handsamast som ein dispensasjon etter plan- og bygningslova sidan det ikkje var behov for det aktuelle huset til drifta av garden. Jorda på eigedomen blir leigd bort og søkar si planlagde overtaking av garden ligg fram i tid.


Fylkesmannen klaga på kommunen sitt vedtak. Vi viste til at det ikkje var behov for det nye huset i gardsdrifta, og la vekt på at huset som skulle erstattast hadde låg standard og ikkje var tidsmessig som bustadhus . Det nye huset ville slik sett ikkje erstatte ein eksisterande bustadbruk.


Fylkesmannen i Vest-Agder behandla klaga som settefylkesmann og støttar dei vurderingane som vi har gjort om at erstatningsomsyn ikkje har særleg vekt i saka då det nye huset ikkje skal erstatte ein eksisterande bustadbruk.