Leigejord i Rogaland

Omlag 37 % av jordbruksarealet i Rogaland er leigejord
Omlag 37 % av jordbruksarealet i Rogaland er leigejord

Omfanget av leigejord i Rogaland har nær dobla seg dei siste 15 åra, og er størst på Haugalandet og Jæren.

Landbruks- og matdepartementet har sendt på høyring forslag til endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova. Departementet foreslår mellom anna regler om unntak frå delingsføresegna i jordlova og unntak frå konsesjonsplikta for å stimulere til sal av tilleggsjord og -skog. Forslaget om unntak frå konsesjonsplikta er betinga av at den som ervervar tilleggsareal enten eiger eigendom som grensar til tilleggsarealet, eller har leigd arealet i minst fem år forut for ervervet. Ervervet må gjelde heile eigedomen med unntak av tun på ikkje meir enn fem dekar. Dette vil seie at gardbrukarar i nokre tilfelle kan kjøpe tilleggsjord dei har leigd i meir enn fem år, utan at dei treng søkje konsesjon og dermed også utan at kjøpet blir underlagt priskontroll.

I denne samanheng er det interesasnt å sjå nærare på omfanget av leigejord i Rogaland, då dette seier noko om potensialet for kva som i framtida kan ervervast konsesjonsfritt dersom lovendringa blir vedtatt. I Rogaland blei omlag 364 000 dekar i 2015 drive som leigejord. Dette utgjer omlag  37 % av totalt jordbruksareal i drift i fylket. Regionsvis har Haugalandet og Jæren den høgaste delen leigejord. Viss ein ser på enkeltkommunane er omfanget størst på Utsira (79,2 %), Stavanger (67,2 %), Randaberg (62,2 %), Sola (57,7 %) og Karmøy (57,6 %). Bjerkreim har lavast del leigejord med 19,4 %. Omfanget av leigejord i fylket har nær dobla seg dei siste 15 åra, frå 19 % i år 2000.

Leigejord i Rogaland i % av det totale jordbruksarealet i drift.