Konsesjonslova må utviklast - ikkje avviklast

Regjeringa føreslår store endringar av konsesjonslova. Mange fleire jord- og skogeigedommar vi bli utan konsesjonsplikt eller priskontroll. Fylkesmannen i Rogaland rår frå endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova slik høyring og konsekvensutgreiinga er til nå.

Høyringa gjer ikkje i tilstrekkeleg grad greie for kvifor endringsforslaga er fremma og kva utfordringar dei skal løysa. Vidare meiner vi at endringane vil svekka landbruket sine sektorlover i stor grad – og vi blir spesielt uroa når høyringa ikkje lanserer alternativ eigedomslovgjeving. Forslaga til endringar er heller ikkje tilstrekkeleg konsekvensutgreidde. 

Vår generelle merknader er m.a. dette: 

  • Vi meiner at konsesjonslova bør utviklast og ikkje endrast i retning avvikling.
  • Konsesjonslova med priskontrollen, er viktig for å gjennomføring av langsiktige mål for landbrukspolitikken, jordvernet og landbruksareala som fellesgode for heile samfunnet.
  • Fylkesmannen i Rogaland føreset eit grundigare lovarbeid enn det høyringa leverer. Eit nullalternativ må utgreiast (forventa utvikling dersom eksisterande lov ikkje blir endra).
  • Ei eventuell endra lov må gi oss ei framtidsretta konsesjonslov. Lova må sikre tenleg eigar,- og bruksstruktur i heile landet, lokal verdiskaping og framleis lokal råderett over jord, skog og utmarksressursane.
  • Vi har stor respekt for den private eigedomsretten. Dette omsynet må likevel vektast opp mot andre viktige samfunnsinteresser. Forslaga om mange og omfattande unntak om konsesjonsfridom og ikkje priskontroll, vil gi prisar og føremål for erverv som ikkje bidrar til å styrke landbruket og lokalsamfunna. 
  • Fylkesmannen i Rogaland meiner fleire av forslaga er i strid med føremålsparagrafen i konsesjonslova og viktige nasjonale mål i landbrukspolitikken, til dømes jordvernet, kostnadseffektiv bruksstruktur og ein tenleg eigar- og bruksstruktur. 

Fleire merknader og våre vurderingar av enkeltforslag kjem fram av uttala vår 21.09.16.