Ja til frådeling av tomt til forskingsfjøs

Planteknisk utval i Eigersund kommune har gitt samtykke til frådeling av ei tomt på 6 dekar for oppføring av forskingsfjøs for spesialisert kjøttproduksjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.12.2013

Den aktuelle tomta blir skild frå landbrukseigedomen gnr. 114, bnr. 1 på Nese i Eigersund, og skal overdragast til Prima Slakt AS. På tomta skal det oppførast eit bygg der ein del skal brukast til forsking, og ein del til ordinær kjøttfeproduksjon. Føremålet med tiltaket er å utvikle førsteklasses kjøttprodukt basert på kjøttrasen Aberdeen Angus, og forsking på optimal foring er ein viktig del av prosjektet.

Fylkesmannen meiner primært at produksjonsbygg for husdyrproduksjon ikkje bør byggjast på frådelte tomter, men at dei må vere ein del av ein landbrukseigedom. I denne saka har kommunen gjort ein god jobb med å sette gode og presise vilkår, og med å få fram at fordelane ved å gi dispensasjon er langt større enn ulempene. Fylkesmannen har derfor akseptert delingssamtykket, og ser positivt på utviklingsprosjektet som kan styrke den grasbaserte kjøttproduksjonen og utvikle kvaliteten i kjøttfeproduksjonen.

 Sjå kommunen si behandling av saka her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.