Høyringsuttale til forslag om endringar i odelslova

Departementet foreslår innskrenkingar i odelskretsen, og oppheving av odelsfrigjering ved overtaking av tilleggsjord til landbrukseigedom. Fylkesmannen støtter forslaget om endringar i odelskretsen, men ikkje endringar i reglane om odelsfrigjering.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.03.2013

Departementet foreslår endringar i odelslova § 8 om odelskretsen. Går endringane gjennom, er det berre barn av eigar med odelsrett og barnebarn av siste eigar med odelsrett som skal ha odelsrett. Vidare foreslår departementet å oppheve odelslova § 31 om odelsfrigjering ved overtaking av tilleggsjord til landbrukseigedom.

Etter Fylkesmannen si vurdering vil den foreslått innskrenkinga i odelskretsen kunne bidra til auka omsetning av landbrukseigedomar. Det vil då bidra til framtidig busetting og drift på eigedomar, noko som er mest hensiktsmessig for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket, jf. jordlova § 1.

Sjølv om innskrenkingane i odelskretsen vil kunne føre til ein nedgang i odelsfrigjeringssaker, så vil det i enkelte tilfelle vere sterke samfunnsmessige omsyn som tilseier at den som har kjøpt tilleggsareal får behalde arealet. Fylkesmannen si vurdering er derfor at det framleis bør vere reglar om odelsfrigjering.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.