Nyttig møte i ressursgruppa for regional jordvernstrategi

Jordvern er viktigare enn nokon gang. Det var ei samstemt forsamling som ønskjer eit sterkare jordvern i Rogaland. Målsetting og korleis nå dette var tema rundt bordet i dag. Rogaland er som kjent verstingfylket, kor om lag 1500 dekar dyrka jord er bygd ned årleg dei siste ti åra. Jæren-regionen, frå Randaberg til Hå, har stått for 78 % av dette.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.09.2017

Fylkesutvalet har i møtet 16. mai gjort vedtak om at det skal lagast ein regional jordvernstrategi i Rogaland, og dagens møte i ressursgruppa er eit ledd i dette arbeidet. Det var god deltaking frå viktige aktørar, med mange gode spørsmål og viktige poeng blei trekte fram under dagens diskusjon. Skal langsiktige grenser mot landbruk til ny vurdering, skal vi føre tilbake utbyggingsareal? Vil verdien på jorda auke i takt med klimaendringar? God bustadfortettingsstrategi og sentrumsutbygging er også eit viktig jordverngrep.

Deltakarar

Ressursgruppa er samansett av representantar frå alle Regionråda, Bondelaget, Jordvernforeininga, NHO Rogaland, LO, Naturvernforbundet, IRIS, UIS og planfolk i ulike kommunar. Sjølve strategien skal lagast i eit samvirke mellom Fylkeskommunen og Fylkesmannen, og fylkespolitikarane vedtek endeleg versjon. Neste møte i ressursgruppa er allereie 17. oktober, ambisjonen er å ha gjort mykje av arbeidet innan utgangen av 2017.

Jordvern på dagsorden i Haugesund

Vil du lære meir om jordvern? -Meld deg på jordvernkonferansen i Haugesund 2.oktober!
Meir informasjon og påmelding finner du her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.