Meld deg på jordvernkonferansen i Haugesund 2.oktober 2017

Nå er endeleg program for jordvernkonferansen i Haugesund ferdig, og vi har fått avtale med spanande innleiarar. Samlinga er aktuell for mange, og særleg for dei kommunar som nå står føre arbeid med revisjon av kommuneplanen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.09.2017

Stortinget har vedteke ein ny jordvernstrategi, og det er lagt til grunn at jordvernet får auka merksemd når det skal gjerast vedtak om ny arealbruk. Kva stilling har eigentleg jordvernet når saker skal avgjerast i kommunane i Rogaland og Hordaland?

Program

Av programmet kan du sjå at det er fleire aktuelle tema vi skal innom denne dagen. Arkitekt Alexandra Algaard vil sikkert utfordre fleire i salen knyta til korleis vi tenkjer tettstadutvikling, og vi vil få døme frå kommunar knyta til jordvern i praksis.

Meld deg på nå

Nå er det tid for påmelding. Dette er eit felles arrangement med Hordaland, og Fylkesmannen i Hordaland har lagt ut program og informasjon om påmelding på si nettside. Vi har ei særleg målsetting om god oppslutnad frå kommunale politikarar. Deltakinga er gratis, og nå er tida for å sikre seg plass.

Velkomen!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.