Det blir eigen jordvernstrategi for Rogaland!

Eit samrøystes Fylkesutval bestemte 16. mai 2017 at Rogaland skal få eigen jordvernstrategi. Å finne god balanse mellom vekst og jordvern er krevjande, og Rogaland har i fleire år vore fylket som bygger ned mest matjord. Ein jordvernstrategi vil løfte fram dei regionale utfordringane, og sikre politikarane eit godt vurderingsgrunnlag når dei ulike samfunnsinteressene skal vegast opp mot kvarandre.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.05.2017

Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen er klare til å starte samarbeidet om ein eigen
jordvernstrategi for Rogaland. Arbeidet er ei oppfølging av den nasjonale jordvernstrategien frå desember 2015, som har vore tema i dialogmøte mellom fylkesordførar og fylkesmann. Dette har resultert i at det 16. mai blei gjort vedtak i Fylkesutvalet om å starte arbeidet med ein jordvernstrategi for Rogaland. Etter framlegg i møtet er det presisert i vedtaket at målet på lang sikt er å auke jordbruksarealet.

Nasjonal jordvernstrategi

Ved behandling av prop. 127 S (2014 – 2015), Nasjonal jordvernstrategi, fastsette Stortinget i desember 2015 det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar. Stortinget ba samstundes om nærmare vurdering av verkemiddel for å redusere avgangen av dyrka mark.

Regjeringa har lagt til grunn at den nasjonale jordvernstrategien blir følgd opp av kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. Landbruks- og matministeren har i brev datert 08.03.2016 presisert dette.

Jordvern ei særleg utfordring i Rogaland

Figur som viser omdisponering av dyrka jord i Noreg 2006-2015.

Rogaland er kjent som eit fylke der det er omdisponert mykje god matjord, og vi toppar statistikken for omdisponering. Ein jordvernstrategi for fylket kan bidra til å løfte fram utfordringane Rogaland har i forhold til det nye nasjonale målet, og sikre eit godt vurderingsgrunnlag når dei ulike samfunnsinteressene skal vegast opp mot kvarandre.

Involvering

Arbeidet med strategien vil skje i ei arbeidsgruppe samansatt av representantar frå Fylkeskommunen og Fylkesmannen. Det vil bli lagt opp til involvering av aktuelle eksterne aktørar undervegs i prosessen.

Prioritert arbeid

Ambisjonen er å etablere eit regionalt politikkdokument relativt raskt, slik at det dermed vil kunne vere eit grunnlagsdokument i kommande regionale og kommunale planprosessar. Ambisjonen er å ha eit ferdig dokument for endeleg vedtak i Fylkestinget tidleg i 2018.

Innstillinga til Fylkesutvalet og brevet frå Landbruks- og matministeren finn du i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.