På besøk i nye flisfyringsanlegg i Sandnes

Det nye bustadsfeltet på Hove i Sandnes har biovarme frå flisfyringsanlegg. Kjelane kan sjåast til høgre i biletet.
Det nye bustadsfeltet på Hove i Sandnes har biovarme frå flisfyringsanlegg. Kjelane kan sjåast til høgre i biletet.

I Sandnes kommune har det dei siste åra blitt bygd fleire flisanlegg for fjern- og nærvarme. 1. mars arrangerte Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Rogaland studietur til fleire av disse anlegga.

I nye byggefelt på Bogafjell og Hove har store 500 kW fliskjelar vore i drift frå dag ein, og dei har sørga for vassbåren varme til bustadar og andre større bygg. I tillegg har fleire gardsbruk installert mindre flisfyringsanlegg til oppvarming av både bustadhus og driftsbygningar. Omlag 15 bønder og andre energiinteresserte deltok på studieturen som inneheldt besøk på nokre av desse anlegga. Studieturen gav også eit kurs i ulike formar for biovarmeanlegg og drift av disse. Kurset blei heldt av Håvard Midtskogen (Skogselskapet i Oslo og Akershus) og Gunnar Breivik (Nærenergi AS/Bio Drift AS). I tillegg informerte Jøran Orstad Johnsen frå Innovasjon Norge om deira støtteordning Bioenergiprogrammet.

- Vi har tidligare heldt liknande kurs rundt i fylket, og no begynner vi å sjå resultata av dette, fortel Orstad Johnsen. - Mange bønder investerer i anlegg for gardsvarme, og fleire stader bygger dei også større anlegg som sel varme til kommunale bygg som skolar, sjukeheimar og anna. For mange har dette blitt ei lønsam attåtnæring. Innovasjon Norge kan bidra med hjelp til lønnsemdsanalyser og investeringsstønad i planlegginga av nye biovarmeanlegg, seier Orstad Johnsen.

Fylkesmannen i Rogaland og Innovasjon Norge planlegg liknande kurs rundt i fylket til hausten. Følg med på nettsidene for meir informasjon om dette, eller ta kontakt om det er interesse for å arrangere dette i ditt distrikt.

Vi minner også om studieturen på Haugalandet 15. mars, der vi vil sjå på både flis- og vedfyrte biovarmeanlegg.

Kontaktpersoner