Inn i framtida på Bioenergi

Bioenergikonferansen på Øksnevad vgs. 28. januar 2015 blei ein møtestad mellom leverandørar, prosjektørar, kommunar og andre som er opptekne av det grøne skiftet i energisektoren.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.02.2015

Fylkesmannen oppmoda til auka bruk av bioenergi
Bioenergi som energiløysing blei grundig presentert og debattert på Bioenergikonferansen 2015. Magnhild Meltveit Kleppa, Fylkesmann i Rogaland, opna konferansen med å halde fram utfordringa med å auke bruken av bioenergi i Rogaland. Ho sa «den som ikkje våger, vinn ikkje noko». Med referanse til bruken av bioenergi i Hjelmeland viste ho nokon som hadde våga, og som hadde fått det til.

God driftsstabilitet og god økonomi i bioenergi

Korleis få til eit anlegg som fungerer godt, og kva er fordelane med bioenergi var hovudpunkta i Mats Rosenberg sitt innlegg. Han deltok i prosjekteringa av bioenergikjelen på Øksnevad vidaregåande skule, som blei synfare under konferansen. Rosenberg heldt fram at det er god driftsstabilitet og god økonomi i bioenergi. For Rogaland er det fyring med tørr flis som det ligg best til rette for.

45 % av varmebehovet i Levanger dekka av bioenergi
Håvard Heistad frå Levanger kommune viste korleis Levanger har oppnådd at 45 prosent av varmebehovet kjem frå bioenergi. Heistad la vekt på at planlegging og drift av bioenergianlegget må gjerast i eit langsiktig perspektiv. For å få auka utbreiinga av bioenergi som varmekjelde i bustader og næring, stilte Heistad spørsmål ved om ikkje det offentlege i større grad måtte bygge ut infrastrukturen med røyrnett som legg til rette for tilkopling i eit større område.

Planar for auka bruk i Sandnes og Karmøy kommune
Sandnes kommune er i full gang med å ta i bruk bioenergi. Nyman presenterte anlegga som er i gang i Sandnes, og planane framover. Nøttveit i Nærenergi AS viste korleis dei planla bioenergikjel som ein del av bustadutbyggingsområde i Sandnes. Når energisentralen inngår som ein del av planen frå byrjinga av, meiner Nærenergi at dei har funne fram til gode løysningar både visuelt og transportmessig.

Knutsen viste korleis det blir jobba med utbygging av bioenergi i Karmøy. På Åkra er bioenergikjelen bygd med føremål å betene behova som Karmøy kommune har sjølv, men også for varmebehova som den vidaregåande skulen har.

Foredrag og video frå konferansen
Sjå foredraga i lenkene til høgre. Foredraga til Mats Rosenberg og Håvard Heistad er og tilgjengelege som filmar på Youtube (klikk på namna).

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.