Gardsvarmeanlegg - noko for deg? Kurs i Årdal 17. januar

17. januar blir det gardsvarmekurs i Årdal i Hjelmeland. Kurset er retta mot bønder og andre som er nysgjerrige på løysingar, moglegheiter og økonomiske stønadsordningar for bioenergi.

Tid og stad

Årdal, Hjelmeland

Tysdag 17. januar, kl. 19 - 22

Høiland Gard, Kyrkjevegen 186, 4137 Årdal

 

Om kurset

Kurset varar 3 timar. Du får ei innføring i ulike typar anlegg, råstoff, praktiske løysingar og lønnsemd, leia av Håvard Midtskogen (Skogselskapet i Oslo og Akershus). Innovasjon Noreg og Fylkesmannen i Rogaland vil vidare fortelje om moglegheiter for investeringsstønad via Bioenergiprogrammet.

 

Påmelding

Kurset er gratis, men krev påmelding på e-post innan 11. januar 2017.

 

Spørsmål?

Kontakt Elisabeth Schmidt hos Fylkesmannen i Rogaland på fmroesc@fylkesmannen.no eller tlf. 51 56 87 84 eller Kari Sand, 950 311 90.

 

Kurset blir arrangert av Innovasjon Norge, Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke og Fylkesmannen i Rogaland.