Nytt møte i den regionale ressursgruppa

30. september var tredje møte i den regionale ressursgruppa for kommunereforma. Det kom fram at fleire kommunar har eit godt stykke arbeid igjen for å danne eit grunnlag for vedtak innan fristen 1. juli 2016.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.10.2015

Møtet blei leia av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og hadde følgjande saksliste:

  • Informasjon om Fylkesmannen sitt arbeid.
  • Kva skjer på regionalt nivå?
  • Ny demokratirettleiar.
  • Rapport frå kommunane om aktuelle nabopratar.
  • Prosess-samling 28. oktober - program.
  • Open post.

Fylkesmannen peika innleiingsvis på den nye situasjonen i fylket etter valet. Det blei elles informert om arbeidet med reforma, mellom anna om brev til kommunane datert 24. august 2015 - og om ulike arrangement.

Mest tid i møtet gjekk med til orientering om kva som skjer i reformarbeidet i dei ulike regionane. Status per september kjem fram av Fylkesmannen si nettside, og i justert kartversjon.

Artikkelen held fram under biletet.

Time-ordførar Reinert Kverneland orienterte om nabopraten som er i gang mellom Time, Hå og Klepp.

Det kom fram at det ikkje har vore formell naboprat mellom fylke etter oppdraget som er gitt også til regionalt nivå.

Annonsert prosess-samling 28. oktober 2015 var også tema, og det var semje om noko justering av programmet. Det er særleg viktig at nye politikarar melder seg på samlinga.

Referat frå møtet, høyringsuttale til endring i inndelingslova og presentasjonar brukt i møtet, finn du i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner

Status i kommunane

Oversiktskart

Klikk for større versjon

browser does not support iframe. <a href="http://www.temakart-rogaland.no/kommunereform_status" target="_blank" data-mce-href="http://www.temakart-rogaland.no/kommunereform_status">You can see the content of the frame here</a>