Nytt møte i den regionale ressursgruppa 4. mai

Kva blir utfordringane i kommunane fram mot endeleg vedtak i juni? Det var eitt av temaa då den regionale ressursgruppa for kommunereforma møttest 4. mai.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.05.2016

Møtet blei leia av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og hadde denne sakslista:

  • Informasjon om Fylkesmannen sitt arbeid
  • Kva skjer med regionreforma
  • Frå intensjonsavtale til vedtak
  • Prosessen i Trøndelag
  • Rapport frå regionråda/kommunane
  • Kommuneøkonomidag 31. mai

Endeleg vedtak og inntektssystem

Fylkesmannen informerte om arbeidet med reforma, mellom anna om brevet til kommunane datert 15. april, der me skisserer kva som er venta i prosessen mot sluttvedtak. Det blei også orientert om innhaldet i avtalen om nytt inntektssystem.

Kva skjer i regionane?

Ein del tid i møtet gjekk med til å bli orientert om kva som skjer i reformarbeidet i dei ulike regionane. Det er for tida stor aktivitet i mange kommunar, mellom anna knytt til førebuingar av folkerøystingar.

Frå intensjonsavtale til vedtak

Frå Distriktssenteret var det eit interessant bidrag om kva som kan skje frå intensjonsavtale er skriven og fram mot sluttbehandling i kommunane. Kommunar kan vedta at dei ikkje ser føre seg å halda fram som eigen kommune, og ber Fylkesmannen i si tilråding om å ta omsyn til dette.

Referat og presentasjonar frå møtet finn du i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.