Kommunereforma: Status desember 2015

Korleis går arbeidet med kommunereforma i Rogaland? Nå har Fylkesmannen i Rogaland oppdatert statusen i kvar kommune per desember 2015.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.12.2015

Mykje talar nå for at vi får endring i kommunestrukturen også i Rogaland. 2016 blir eit avgjerande år for kommunereforma, og mange kommunar har ein god del arbeid igjen for å fullføre dei utgreiingane som Stortinget har lagt til grunn.

Alle deltar

Alle kommunane i Rogaland har vedteke å delta i reformarbeidet i ei eller anna form. Samstundes er det ein god del arbeid som står igjen i mange kommunar for at det skal bli eit tilstrekkeleg faktagrunnlag for folkehøyring og endeleg vedtak. Tida er nå inne for politisk initiativ, skreiv statsråd Jan Tore Sanner i eit brev til kommunane i oktober. Brevet omtalar kva som er venta av kommunane nå i innspurten av prosessen, mellom anna om å greie ut eit eventuelt 0-alternativ (halde fram som i dag).

Går mot ny kommune på Jæren og i Dalane

Vi vil gi ros til den positive nabopraten om nye Jæren kommune (Hå, Time og Klepp). Det har her vore felles kommunestyremøte, og arbeidet med å utforme ein intensjonsavtale er godt i gang. Vi vil også framheve det den gode dialogen mellom Eigersund og Sokndal, og nå i desember har Lund gjort vedtak om å bli med i dette arbeidet.

Rapport talar for ny struktur på Ytre Haugalandet

Felles rapport frå Agenda Kaupang for fire kommunar på Ytre Haugalandet (Sveio, Haugesund, Karmøy og Tysvær), som også omtaler Bokn, blei presentert på felles eit kommunestyremøte 26. november. Vår vurdering er at rapporten samla sett gir eit grunnlag for å gjere endringar i kommunestrukturen, og vi legg til grunn at kommunane gjer greie for kva det blir lagt vekt på når endeleg vedtak blir gjort.

Ny aktivitet i fleire kommunar

Vi har registrert ny aktivitet i alle delar av fylket. I desse dagar blir innbyggarane i Sola, Stavanger og Sandnes spurt om kva dei meiner om ny kommunestruktur. For meir informasjon viser vi til statusoversikta (i høgremargen).

Nå hastar det

Fylkesmannen gjer merksam på at tida nå er knapp fram til kommunane skal gjere endelege vedtak om eventuell ny kommunestruktur innan 1. juli 2016. Vi vil igjen minne om at det er viktig at innbyggarane ved høyring har eit konkret alternativ å ta stilling til, og det bør etter vår vurdering ligge føre utkast til intensjonsavtale.

Vi viser også til eiga kartløysing med oppdatert informasjon om status i kommunane.

Statusoversikta for desember finn du i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.