Kommunereforma: Fylkesmannen si tilråding blir presentert i morgon

Det er Stortinget som har det siste ordet, men korleis meiner Fylkesmannen i Rogaland at den framtidige kommunestrukturen bør vera i Rogaland? Det får du svaret på i morgon. Du kan få med deg framlegginga "i levandes live" på både mobil, nettbrett og PC. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.09.2016

Tilrådinga blir lagt fram tysdag 27. september kl. 12.30. Det er fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa som presenterer hovudkonklusjonane. Prosessrettleiar Anfinn Rosnes skal deretter gå nærare inn på bakgrunn og faktagrunnlag.

Stor interesse

Arrangementet er fullteikna og påmeldinga måtte derfor stoppast i førre veke. Om lag 130 deltakarar kjem, dei fleste lokalpolitikarar frå heile fylket. Sjølv om du ikkje har meldt deg på, har du likevel høve til å få med deg presentasjonen av tilrådinga:

  • NRK Rogaland overfører arrangementet på nett-tv frå kl. 12.00. 
  • Fleire lokalaviser overfører også nettsendinga til NRK.

Les sjølv!

Tilrådinga blir tilgjengeleg her på nettsida vår kl. 12.40. Der kjem du til å finna heile tilrådingsbrevet, men også god bakgrunnsinformasjon som ligg til grunn for konklusjonane våre. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.