God aktivitet i mange kommunar om kommunereforma

Fylkesmannen har nå laga ei oversikt over status i kommunane når det gjeld arbeidet med kommunereforma. Med få unntak er kommunane i Rogaland i god prosess med utgreiingar. Førebels har berre Forsand, Hjelmeland og Strand spørsmålet om samanslåing oppe til konkret vurdering.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.03.2015

Fylkesmannen bad alle kommunane i Rogaland om å rapportera inn status i arbeidet med kommunereforma innan 1. mars 2015. Resultatet frå rapporteringa blei presentert på prosessamlinga 17. mars.

Dei fleste godt i gang

Alle kommunane i Rogaland, utanom Bokn, har vedteke å delta i reformarbeidet, men berre tre av kommunane har kome til konkrete planar om samanslåing (Hjelmeland, Strand og Forsand). Det har i fleire kommunar vore uformelle samtalar med nabokommunar om ulike modellar for ny kommunestruktur, men det har førebels ikkje ført til konkretisering av eit vidare samarbeid mot samanslåing.

Involvering heilt sentralt

I tillegg til utgreiingsarbeid, står mange kommunar nå føre eit arbeid med involvering av tilsette, innbyggarar og andre aktuelle målgrupper. God informasjon, opne prosessar og brei involvering er avgjerande i arbeidet med kommunereforma.

I løpet av mars/april 2015 skal sak om kommunereforma til behandling i kommunestyret i mange av kommunane. Vi viser til kommunane sine heimesider for oppdatert informasjon.

Fylkesmannen vil om kort tid leggja ut ei eiga kartløysing på nettsida vår der du kan få informasjon om status i kommunane.

Statusoversikta finn du i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.