Kommunereforma: Den regionale ressursgruppa har avslutta arbeidet sitt

I går var det siste møtet i den regionale ressursgruppa for kommunereforma. Hovudtemaet i møtet var status i arbeidet med Fylkesmannen si tilråding som skal presenterast 27. september.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.09.2016

Møtet blei leia av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og hadde følgjande saksliste:

  • Informasjon om Fylkesmannen sitt arbeid med tilråding
  • Status regionreforma
  • Presentasjon av tilrådinga den 27. september

Møter kommunane

Fylkesmannen informerte om arbeidet med tilrådinga, mellom anna om avtalte møte med kommunar. Det kan vere aktuelt å invitere fleire kommunar.

Ein del tid i møtet gjekk med til å bli orientert om status for regionreforma.

Alle regionråda var representerte i møtet.

Mandatet til ressursgruppa

Ressursgruppa har vore samansett av representantar frå Fylkesmannen i Rogaland, KS Rogaland, Rogaland fylkeskommune, NHO Rogaland, LO Rogaland, Distriktssenteret, IRIS og kommunar.

Gruppa skulle bidra med informasjonsutveksling og faglege råd og støtte til Fylkesmannen og KS i arbeidet med kommunereforma. Fylkesmannen har leia gruppa og hatt sekretariatfunksjonen. Ressursgruppa har vore ei rådgjevande gruppe som ikkje har gjort bindande vedtak.

Referat og lysark finn du som vedlegg til denne nettsaka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.