- Reforma dreier seg ikkje om å forandra Norge

Kommunereforma er eit resultat av at Norge er forandra, sa Helge André Njåstad (FrP) under storsamlinga om kommunereforma onsdag denne veka.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.10.2015

Njåstad leiar Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, og han framheva at lokalt leiarskap er viktig for å sikra god framdrift i reformprosessen i den enkelte kommunen.

– Reforma dreier seg ikkje om å forandre Norge, men er eit resultat av at Norge er forandra. Dette er ikkje ei reform for å spara pengar, men for å bruka meir ressursar på tenester til innbyggjarane, sa Njåstad.

Han viste også til brevet som statsråd Jan Tore Sanner sende til alle kommunestyra denne veka.

Stortingrepresentant Eirin Sund (Ap) frå Rogaland sit i den same stortingskomiteen som Njåstad. Ho påpeikte at det er viktig at det blir lagt vekt på lokale ønske, og at det er fokus på positive verkemiddel.

Få endringar?

Biletet som teiknar seg nå, tyder på at det kan bli få endringar av kommunestrukturen i Rogaland. Men kommunane Time, Klepp og Hå er godt i gang med nabopraten. Målet er å vedta ein intensjonsavtale i januar 2016. Time-ordførar Reinert Kverneland orienterte om arbeidet mellom dei tre kommunane på Jæren, og la fram ein framdriftsplan til endeleg vedtak i tråd med fristen som gjeld for reformarbeidet.

Ikkje lenge igjen

80 politikarar og kommunetilsette frå store delar av Rogaland var med på samlinga i Stavanger denne veka. Dette er eit ledd i Fylkesmannen sitt informasjons- og motivasjonsarbeid i samband med kommunereforma. Me er nå inne i det siste året i arbeidet med reforma. Det betyr at det hastar for kommunane å leggja eit grunnlag for vedtaka om framtidig kommunestruktur.

Politisk organisering i ny kommune

Eit viktig mål for reforma er å styrka lokaldemokratiet. Anne Irene Myhr frå Distriktssenteret kom med gode døme på politisk organisering av ein kommune. Det er nyleg laga ei eiga demokratirettleiing de finn på Kommunal- og moderniseringsdepartementet si nettside.

Ulogiske grenser i dag

På konferansen hevda direktør Einar Leknes frå IRIS at geografi i for liten grad har vore eit sjølvstendig tema i dagens kommunestrukturdebatt, og la fram fleire døme på ulogiske kommunegrenser i Rogaland.

Næringslivet ønskjer ny kommunestruktur

Næringslivet ser store fordelar med ein ny kommunestruktur. Det var bodskapen frå regiondirektør i NHO Rogaland, Hallvard Ween. Eit viktig område her er kommunen si rolle som samfunnsutviklar.

Avslutningsvis på samlinga fekk deltakarane eit treffande kåseri om kommunen som identitetsmarkør, signert førsteamanuensis Erik Fossåskaret.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.