Tildeling av midlar til innovasjonsprosjekt 2019

Fylkesmannen har tildelt midlar til seks fornyings- og innovasjonsprosjekt i 2019.

Fylkesmannen hadde sett av 4,22 mill. kroner til dette formålet. Til saman kom det inn 19 søknader i denne runden og samla søknadssum var 15,7 mill. kroner. 

Fellesprosjektet Digi Rogaland er også i år prioritert med ein vesentleg del av innovasjonsramma, 3 mill. kroner. Til saman har denne fellesløysinga/satsinga blitt tildelt 6,6 mill. i skjønsmidlar over dei siste tre år. Fylkesmannen forventar at dette prosjektet vil gje betydelege innovasjonseffektar for alle kommunane som nå deltar. Denne tildelinga gjeld alle rogalandskommunane, men blir betalt ut til Stavanger kommune.

Sauda kommune har fått 470.000 kroner til prosjektet «Styrking av kunnskap og kompetansemiljøet i Ryfylke». Mål for prosjektet er å utforma ein modell for livslang læring der folk bur. Modellen skal vera overførbar til andre regionar.

Stavanger kommune har blitt tildelt 300.000 kroner til prosjektet «Interkommunalt samarbeid om ambulant rehabiliteringsteam». Mål med prosjektet er å sikra brukarane tryggleik for rett behandling gjennom heile rehabiliteringsforløpet gjennom testing av IKART-modellen og utvikling av ny drifts- og finansieringsmodell.

Sandnes kommune har fått 200.000 kroner til prosjektet «Kva er planen?». Mål med dette prosjektet er å utvikle eit verktøy som gjer det mogleg for skolane å engasjera elevane i kommuneplanarbeidet.

Strand kommune har blitt tildelt 200.000 kroner til prosjektet «Digitalisering i Strandaskolen», med mål om å knyte saman fagfornying og digital læringsteknologi.

Sola kommune har fått kr. 50.000 i støtte til innovasjonskonferansen, som er ein viktig arena for erfaringsutveksling og inspirasjon til fornyingsarbeid i rogalandskommunane.

 

Oppfølging og rapportering for innovasjonsprosjekta

Det er ein føresetnad at kommunar som har blitt tildelt prosjektmidlar rapporterer innan tre månadar etter avslutning av prosjekta. Resultata frå prosjekta må vera dokumenterte for å sikra overføringsverdi og bevisst pengebruk. Rapportering skjer via prosjektportalen med omtale av dei mål kommunen har nådd, erfaringar med prosjektet, oppfølging i ordinær drift, gevinstrealisering og økonomi. Legg ved eventuell eigen prosjektrapport og -rekneskap. For fleirårige prosjekt og prosjekt som ikkje er ferdige innan rapporteringsfristen skal det gis ei enkel undervegsrapportering om status så langt.

Dersom eit prosjekt ikkje har blitt gjennomført som planlagt, og kommunen derfor ikkje har fått brukt tildelte midlar i tråd med søknad, skal kommunen rapportera om dette. I slike tilfelle kan Fylkesmannen be kommunen om å omdisponere midlane til andre/framtidige prosjekt og/eller kommunen kan få avkorting i seinare tildelingar av innovasjonsmidlar.

Innovasjonsmidlar frå Fylkesmannen skal ikkje gå til vanleg drift, men hjelpa kommunane til å prøva ut løysingar som kan gje betre eller meir effektivt tenestetilbod og styrka kommunane sine ulike rollar. Rapportering og erfaringsdeling er viktige verkemidlar for å få nytte av innovasjonsmidlane i heile fylket. Den årlege innovasjonskonferansen er ein naturleg arena for formidling av nokre av resultata.