Skjønsmidlar til innovasjon og fornying i kommunane 2018

Det skal også i år tildelast skjønsmidlar til gjennomføring av innovasjons- og fornyingsprosjekt i kommunane etter søknad. Midlane vil bli tildelt av restramma på 7,05 mill. kr som er tenkt skal gå til dette formålet i hovudsak. Søknadsfristen er 15. mai.

Omlag 7 mill. kr til innovasjonsprosjekt i 2018

Etter andre tildeling av skjønsmidlar, jf. her, står det att 7,05 mill. kr som i hovudsak er tiltenkt dette føremålet, men som også kan bli brukt til restskjøn, jf. nedanfor. Kor mykje av dette som vil gå til innovasjon og fornying er avhengig av at det kjem inn mange nok gode søknader. Det vil også bli lagt opp til ein brei prosess der KS lokalt vil bli trekt inn i vurderinga av søknadene.

Bakgrunnen for innovasjonssatsinga er ikkje minst at den demografiske utviklinga, særleg veksten i talet på eldre, vil gi store utfordringar for mange kommunar. Det er derfor viktig å finna nye løysingar.

Kva er innovasjon?

Innovasjon er definert som prosessen med å utvikla nye idear og realisera dei slik at dei gir meirverdi for samfunnet. Kortversjonen er at det skal vera noko nytt for kommunen, det skal vera nyttig og det skal vera nyttiggjort.

Det har blitt stramare tider for kommunane i fylket dei siste par åra. Dette understrekar ytterlegare at innovasjon er viktig.

Innovasjon kan vera kjend eller ny kunnskap kombinert på ein ny måte eller brukt i ein ny samanheng. For kommunane vil dette innebera at det kan vera innovasjon å kopiera gode løysingar frå andre kommunar eller i andre land – men at ein tek det i bruk på sin eigen måte i sin kommune. Dei kommunale oppgåvene femner over eit vidt spekter og dette gir høve til å finna løysingar på tvers av tradisjonelle fag- og sektorgrenser.

Vi viser elles til vedlagde retningslinjer for skjønstildeling.

To tildelingsrundar

KMD har gitt pålegg om at minst 5 % av den samla skjønsramma skal haldast tilbake til hausten 2018, dvs. 3,38 mill. kr. Det vil derfor bli fordelt 3,67 mill. kr til innovasjonsprosjekt i første omgang. Det er meininga at resten på 3,38 mill. kr i det vesentlege skal gå til innovasjon, men fordelinga vil då skje i oktober.

Andre tilhøve

Generelt skal skjønstildelinga (hovudramma) ivareta spesielle lokale forhold, som kommunane ikkje kan påverka sjølv og som ikkje blir ivaretatt godt nok i inntektssystemet og  gjennom andre faste tilskotsordningar. Dette kan vera tilhøve som er uføresette, mellombels eller meir langvarige. Ramma som nå er att på 7,05 mill. kr skal i utgangspunktet gå til innovasjons- og fornyingsprosjekt som nemnt ovanfor, men i særlege tilfelle kan også andre utgiftsbehov trekkjast inn.

Slik søkar ein om skjønsmidlar

I 2016 blei det innført ein ny elektronisk søknadsportal som skal brukast til nye søknadar.

Det er viktig at det kjem klart fram kva som er målet, korleis gjennomføringa skal skje, framdriftsplan, kontaktperson, kostnader og finansiering.

Søknadsfristen er 15. mai 2018.

 

Rapportering

For prosjekt som har fått støtte tidlegare, må ein gjera greie for framdrift og kva ein har oppnådd så langt.

For prosjekt som er avslutta i 2016 og tidlegare år og der ein ikkje har rapportert før, må ein rapportera gjennom vanleg post/epost om kva som er oppnådd innan 15. april 2018. For prosjekt som er tildelt midlar gjennom den elektroniske søknadsportalen i 2016 eller seinare rapporterer ein via portalen. For prosjekt som ikkje er avslutta skal det gis ein kort undervegsrapport om kva som er gjort, og kva som gjenstår.

Meir om søknadsportalen

Søk om rolle ved å gå til:

https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no

Søkjar i kommunar må nytta Idporten og må leggja inn

•             Førenamn

•             Etternamn

•             E-postadresse

•             Telefonnummer

•             Rolle – Søker

•             Kommune  (obligatorisk)

Førespurnad blir då sendt til saksbehandlar hos Fylkesmannen.

Ta kontakt dersom det oppstår problem.

 

Innovasjonskonferanse

Sola kommune inviterer elles til ein innovasjonskonferanse for kommunane i fylket onsdag 25. april. Påmelding via nettsidene til KS og Fylkesmannen.