3,67 mill. kroner til innovasjon og fornying i kommunane

Fylkesmannen har no fordelt 3,67 mill. kroner av skjønsmidlane for 2018 til 7 kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt.

I denne omgang er desse prosjekta tildelt midlar

Kommune Tittel Tildeling
Stavanger DigiRogaland 3 000 00
Sandnes Fleksibel avlastning 100 000
Innsida ut - digital dialog: raskare og enklare kontakt og tenester 100 000 
Tysvær Implementering av velferdsteknologi i Haugaland Vekst kommunene 170 000
Strand Velferdsinnovasjon Strand kommune 100 000
Sola Samskaping og Digitalisering 100 000
Time Styrke samarbeidet med frivilligheten 100 000
    3 670 000 

Dei som har fått skal også kunna finna tildelinga i den elektroniske søknadsportalen.

Samla søknadssum var 13,9 mill. kroner. Det har derfor vore naudsynt med streng prioritering av søknadane. Vi har rådført oss med KS lokalt om utveljinga av prosjekt sidan KS har omfattande arbeid på innovasjonsfeltet. Om bakgrunnen og omtale elles av denne ordninga viser vi til brevet av 5. februar og omtale på nettsidene våre.

Ny tildelingrunde

Det blir ein ny tildelingsrunde i oktober, og søknadane som ikkje har fått midlar i denne omgang vil bli vurdert på nytt då. Grunnen til at det blir to omgangar er at Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har bestemt at 5 % av skjønsramma skal haldast i reserve til hausten til uføresette tilhøve. Dette utgjer 3,38 mill. kroner for Rogaland sin del. Ut frå det vi veit no, reknar vi med at beløpet i det vesentlege vil kunna disponerast til innovasjonsprosjekt.

Sidan den nye tildelingsrunden ligg ein del fram i tid, vil vi opna den elektroniske søknadsportalen fram til 31. august slik at ein eventuelt kan endra eller supplera søknadane. Nye søknadar kan også sendast inn.

Vi minner elles om at søknadsfrist for ordinært skjønstilskot for 2018 er 31. august.

Nærare om tildelinga

Størstedelen av midlane som tildelast i denne runden går til DigiRogaland, som får 3 mill. kroner. Stavanger kommune er søkjar, men alle kommunane i fylket står bak søknaden. Gjennom DigiRogaland skal det etablerast eit regionalt samarbeid for digitalisering, tjenesteutvikling og innføring av nasjonale og felleskommunale løysingar på tvers av alle kommunane i Rogaland. Fylkesmannen ser at utvikling av nye digitale løysingar er viktig, men ressurskrevjande, og at kommunane står overfor felles utfordringar på dette feltet. Vi har derfor valt å prioritera DigiRogaland høgt i denne tildelingsrunden.

For øvrig er det tildelt midlar som fylgjer:

  • Sandnes kommune har fått 100 000 kroner til prosjektet «Fleksibel avlastning». Målet med prosjektet er å utvikla ei digital løysing som gjer at brukarane av avlastingstenester sjølv kan medverka til å fastsetja tidspunkt for avlasting.
  • Hå kommune er tildelt 100 000 kroner til prosjektet «Innsida ut – digital dialog: raskare og enklare kontakt og tenester». Prosjektet skal medverka til digitalisering av fleire ulike funksjonar, og forenkling for innbyggjarane.
  • Tysvær kommune får 170 000 kroner til vidareføring av prosjektet «Implementering av velferdsteknologi i Haugaland Vekst kommunene». Dette prosjektet er eit samarbeid mellom kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær, Utsira, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Målet er at auka bruk av velferdsteknologi skal gjera det mogleg for brukarar å bu heime så lenge som råd, med god livskvalitet.
  • Strand kommune er tilgodesett med 100 000 kroner til prosjektet «Velferdsinnovasjon Strand kommune». Målet med prosjektet er å ta i bruk velferdsteknologi, mellom anna ved å lære av andre kommunar.
  • Sola kommune får 100 000 kroner til prosjektet «Samskaping og digitalisering». Midlane er tenkt nytta til vidareføring av Innovasjonskonferansen og interkommunalt samarbeid innanfor velferdsteknologi.
  • Time kommune er tildelt 100 000 kroner til prosjektet «Styrke samarbeidet med frivilligheten». Målet med prosjektet er å legge til rette for betre samarbeid mellom kommunen og frivillige.

For å sikra overføringsverdien minner vi om at alle prosjekta skal vera godt dokumenterte. Det er ein føresetnad at dei kommunar som har fått prosjektskjøn rapporterer innan tre månader etter avslutning av prosjektet om kva ein har oppnådd, kva erfaringar som er gjort og kva nytte eigen/eigne kommunar og andre kommunar kan ha av prosjektet. Føremålet med dette er å auka nytteverdien gjennom spreiing av kunnskap. Rapportering skjer via søknadsportalen. Det kan også bli aktuelt å presentera prosjekta på seminar o.l.

Vi gjer elles merksam på at midla vil koma som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane. Dette er såleis ikkje ei særskilt tilskotsordning. Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KMD sine nettsider

Kontaktpersonar

Kommune Tittel Kontaktperson
Stavanger DigiRogaland Inger Bjørkum Leigvold
Sandnes Fleksibel avlastning Trine Pernille Langøen Vos
Innsida ut - digital dialog: raskare og enklare kontakt og tenester Hilde Eidsaa Bjorland
Tysvær Implementering av velferdsteknologi i Haugaland Vekst kommunene Tor-Leif Helgesen
Strand Velferdsinnovasjon Strand kommune Adriaan Schönhage
Sola Samskaping og Digitalisering Therese Selvig
Time Styrke samarbeidet med frivilligheten Stian Thomas Langeland