191 personar på venteliste til sjukeheim i Rogaland

Omsorg - sykehjem
Omsorg - sykehjem (Foto: Felles)

Helsedirektoratet har no klar den første nasjonale oversikta over personar på venteliste til sjukeheimsplass.

Regjeringa har innført krav om at kommunane skal føre ventelister for sjukeheimar eller tilsvarande bustad. På landbasis er talet på venteliste 1420 per 15. april i år. I Rogaland står 191 personar som har fått innvilga opphald på sjukeheim på venteliste.

Personar som bur heime medan dei ventar

I Rogaland er det 45 personar som har fått innvilga langtidsopphald, som framleis bur i eigen heim i påvente av plass. Dette gjeld Gjesdal kommune med 7 personar, Lund kommune med 6 personar, Sauda kommune med 7 personar, Stavanger kommune med 12 personar, Strand kommune med 5 personar og Sandnes kommune med 8 personar.

Personar på venteliste i kortidsopphald

I Rogaland er det 99 personar som har fått innvilga langtidsopphald, som mottek korttidsopphald i påvente av lagtidsopphald. Dette gjeld kommunane Eigersund med 7 personar, Haugesund med 12 personar, Karmøy med 14 personar, Sola med 6 personar, Stavanger med 43 personar og Sandnes med 17 personar.

Venteliste til korttidsopphald

47 personar i Rogaland står på venteliste til kortidsopphald i påvente av ledig sjukeheimsplass. Dette gjeld Karmøy kommune med 14 personar, Stavanger kommune med 28 personar og Sandnes kommune med 5 personar.