Styrking av innsatsen mot barnefattigdom

Tilskotsordninga for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom skal vidareførast i 2016.

Formålet med ordninga er å bidra til å førebyggje og redusere fattigdom og sosial utestenging blant barn, unge og barnefamiliar. Oppgåva er å styrkje det sosiale og førebyggjande arbeidet i kommunane. Tilskotet skal også bidra til utvikling og samordning av tiltak, tenester og kompetanse blant aktørane i lokalsamfunnet.

Ein tek atterhald om vedtak i Stortinget.

For fullstendig utlysningstekst, regelverk og søknadsskjema sjå meir i høgremargen.

Søknadsfrist 1.februar 2016.