Barnefattigdom - utlysing av midler

Tilskot for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom er ein del av regjeringa sin handlingsplan mot fattigdom. Tilskotsordninga skal bidra til å auke kunnskapen om sosiale tenester og korleis regelverket i lov om sosiale tenester i Arbeids- og velferdsforvaltninga kan nyttast og bidra til å førebyggje og redusere fattigdom blant barn og unge.

Formålet med ordninga er å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn, unge og barnefamiliar gjennom å utvikle tiltak og verkemiddel etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjort ei endring i utlysningsteksten på barnefattigdomsmidlar. Endringa inneber at også tiltaksom omfattar ferie- og aktivitetstilbod skal prioriterast ved tildeling av tilskott for 2013. Endringa er markert med utheva skrift.

Prioriterte tiltak i 2013:

  • tiltak som bidreg til å sikre barneperspektivet på NAV-kontoret
  • utvikling av heilskaplege oppfylgingsprogram for låginntektsfamiliar
  • ferie- og aktivitetstilbod i skuleferien til barn og familiane deira som ein integrert del av den heilskaplege oppfølginga
  • tiltak som bidreg til overgang til opplæring, arbeid og aktivitet for ungdom opp til 25 år som ikkje er under utdanning eller i arbeid
  • å utvikle og forankre ein kommunal handlingsplan for å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn, unge og barnefamiliar
  • integrerte tiltak og tenester overfor familien i sin heilskap i form av motivasjon, råd, rettleiing og aktivitetar

Alle kommunar i landet kan søkje om tilskot.
Søknadsfrist er 1. februar 2013