Statsforvaltaren behandlar varsel om brot på lover og reglar innanfor dei saksområda vi har ansvar for, men vi har også plikt til å ta imot varsel når ein arbeidstakar eller nokon som har tilknyting til arbeidsplassen melder frå om brot på interne retningslinjer eller brot på etiske normer i verksemda. Dersom varselet er utanfor vårt ansvarsområde, gir vi råd om kva varslaren bør gjere. Om mogleg viser vi varslaren til rett offentleg organ.
Statsforvaltaren forvaltar regelverk innan desse områda:
- helse, omsorg og sosialtenester
- landbruk og mat
- samfunnstryggleik og beredskap
- barnevern
- verjemål
- kommunal styring
- barnehage og opplæring
- miljø og klima
- andre forhold som gjeld folk og samfunn
Du som varslar må vere i god tru på at det faktisk er eit kritikkverdig forhold, og eit varsel kan ikkje byggje på grunnlause påstandar. Å varsle er noko anna enn å klage på utfallet av ei sak.
Ulike måtar å varsle på
Tilsette er ofte dei første som oppdagar eller får mistanke om lovbrot eller andre kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. For samfunnet og for arbeidslivet er det viktig å avdekkje kritikkverdige forhold.
- Ved intern varsling seier arbeidstakaren frå til nokon internt i verksemda. Det kan vere til eigen leiar eller gjennom eit internt varslingssystem.
- Ved ekstern varsling seier ein arbeidstakar frå til nokon utanfor verksemda som har mynde til å rette på forholdet, for eksempel til ein offentleg instans.
- Etter endringar i arbeidsmiljølova gjeldande frå 1. januar 2020, gjeld reglane om varsling langt fleire enn vanlege arbeidstakarar. Reglane om ekstern varsling gjeld no også elevar, vernepliktige, sivile tenestepliktige, pasientar i helse- og attføringsinstitusjonar, personar som er utplassert i arbeidslivet og personar som deltar i arbeidsmarknadstiltak. Felles for desse gruppene er at dei har tilknyting til arbeidsplassen.
Teieplikt
Statsforvaltaren har teieplikt når du sender et varsel til oss. Vi har plikt til å hindre at andre får kjennskap til namnet ditt eller andre identifiserande opplysningar. Du kan også velje å vere anonym når du sender eit varsel til oss, men då kan det vere vanskelegare for oss å følgje opp varselet.
Bruk gjerne skjemaet nedanfor for å sende et varsel til oss. Spørsmåla vi stiller i skjemaet, gjer det enklare for oss å behandle varselet ditt på best mogleg vis.