Håndbok i alkoholloven er oppdatert

Helsedirektoratet lanserer i desse dagar nye helsedirektoratet.no.

Håndbok i alkoholloven – rundskriv IS-5/2008 er digitalisert og oppdatert under nemninga Alkoholloven med kommentarer og Alkoholforskriften med kommentarer. Desse versjonane erstattar tidlegare merknader i Håndbok i alkoholloven – rundskriv IS-5/2008 som blir oppheva. Helsedirektoratet anbefaler alle landets kommunar og fylkesmenn å ta i bruk dei nye og digitale merknadane.

Den nye kommentarutgåva inneheld nye og oppdaterte merknadar til alkohollova og alkoholforskriftas føresegner som er endra frå 2015-2018. For føresegner som ikkje har vore gjenstand for endringar sidan 2008, er merknadene frå Håndbok i alkoholloven – rundskriv IS-5/2008 foreløpig vidareført i den nye kommentarutgåva.

Helsedirektoratet fortset arbeidet med å revidera merknader frå 2008 på resterande føresegner og vil fortløpande publisera desse. Samtidig vil det i perioden fram til sommaren bli gjort tekniske forbetringar og feilrettingar av den nye plattforma.