Marine verneområde

Hydroide. Foto Magnus Tornes, Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Hydroide. Foto Magnus Tornes, Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal arbeider med verneplan for tre marine verneområde: Giske, Griphølen og Remman. 

Arbeidet med marint vern er forankra i Stortingsmelding 14 «Natur for livet» (2015-2016). Naturmangfaldmeldinga slår fast at «eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar».

Naturmangfaldlova inneheld heimel for å kunne verne natur etter fleire kategoriar. Marine verneområde etter § 39 er ein eigen vernekategori for vern som berre omfattar sjøområde. Marine verneområde kan opprettast for å ta vare på marine verneverdiar, også naturverdiar som landlevande artar er avhengige av.

I eit verneområde i sjø må ingen foreta seg noko som forringar verneverdiane som går fram av verneformålet. Eit verneområde i sjø kan vernast mot all verksemd, forureining, tiltak og bruk, men med dei avgrensingane som følger av folkeretten. Restriksjonar på aktivitet skal stå i forhold til verneformålet.

Alle verneområde har ei verneforskrift som omtalar føremålet med vernet og avgrensing av verneområdet. Vidare regulerer verneforskrifta bruken av området. Restriksjonsnivået for vernet blir utgreidd nærare i det vidare arbeidet med marint vern.


Kontaktpersoner

Område for marint vern - Giske

Område for marint vern - Giske

Område for marint vern - Griphølen og Remman

Område for marint vern - Griphølen og Remman