Finansiell sikring for farleg avfall

Alle verksemder som har løyve til å ta imot farleg avfall, må sørge for at dei har ei oppdatert finansiell sikring.

Publisert 05.09.2023

Verksemder som tek imot og lagrar farleg avfall, skal ha løyve frå statsforvaltaren. I Møre og Romsdal er det mange verksemder som har ei slik løyve. Alle desse anlegga må ha ei finansiell sikring før dei kan ta imot farleg avfall. Dei skal vurdere storleiken på sikringa kvart femte år.

Kva går dette ut på?

Sikringa skal dekke kostnadar som staten kan få om den må ta hand om avfallet dersom avfallsanlegget blir nedlagt eller får betalingsproblem. Det er statsforvaltaren som godkjenner sikringa, og den må vere utforma etter våre malar. Verksemdene kan velje mellom påkravsgaranti og kontopantavtale. Dei same malane skal brukast både for anlegg som skal stille garanti for første gong, og for dei som skal oppdatere sin garanti.

Korleis gjer ein det?

Første steg i prosessen er å fylle ut regnearket med berekningsgrunnlag og sende det til statsforvaltaren. Når grunnlaget er akseptert, skal verksemda ta kontakt med banken sin. Banken fyller ut det aktuelle dokumentet (i to eksemplar for kontopantavtale og i eitt eksemplar for påkravsgaranti), og verksemda må så sende det til statsforvaltaren. Statsforvaltaren må så fatte eit vedtak om godkjenning dersom det gjeld påkravsgaranti, eller signere og returnere til verksemda det eine eksemplaret dersom det gjeld kontopantavtale.

Mal for korleis de gjer ein berekning, og for dei ulike sikringsformene finn de i ramma på høgre side. For at sikringa skal bli godkjent, må dokumenta verksemdene sender inn, vere utforma nøyaktig etter den aktuelle malen.

Hugs ny vurdering kvart femte år

Minimum kvart femte år skal verksemdene vurdere om sikkerheita er tilstrekkeleg. Prisstigning og andre tilhøve kan gjere at det sikra beløpet må endrast. Dei fleste anlegga for farleg avfall i Møre og Romsdal fekk godkjent si finansielle sikring i 2017 eller 2018. Desse må no gjere ei ny vurdering. Når beløpet skal endrast, må Statsforvaltaren i Møre og Romsdal få melding om det, og få den nye sikringa til godkjenning.

Regelverket

Krava til finansiell sikring står i punkt 4 i vedlegg 4 til avfallsforskrifta kapittel 11: Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskriften) - Kapittel 11. Farlig avfall - Lovdata. Krava gjeld ikkje anlegg der eit kommunalt eller interkommunalt selskap er driftsansvarleg.