Avvik ved alle deponi i fylket

Ein gravemaskin flyttar avfall ved eit deponi.
No krev Statsforvaltaren at betre reinsing må på plass. Deponieigarane har fått frist til 1. januar 2024 for å gje tilbakemelding på korleis dei vil få til dette. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Tilsyn viser at dei tre deponia for avfall i Møre og Romsdal har avvik frå krava som gjeld reinsing av vatn frå deponia. 

Publisert 03.10.2023

Denne hausten fører alle statsforvaltarane i landet tilsyn med aktive deponi for ordinært avfall. I Møre og Romsdal har vi tre deponi for avfall, Bingsa deponi i Ålesund, Øverårslia deponi i Vestnes og Årødalen deponi i Molde. 

Kontrollerer utslepp

Avfall blir lagt på deponi dersom det ikkje er eigna for gjenbruk i form av material- eller energigjenvinning. Noko av dette avfallet kan føre til utslepp av stoff som er farlege for helse og miljø. Det er derfor viktig at deponeringa skjer på ein forsvarleg måte og at det er kontroll med utslepp frå deponia. Tilsynsaksjonen i år har omfatta dei deponia som ikkje allereie er avslutta.

Krav til drifta

Dei ulike deponia har eigne løyve som stiller krav til korleis dei skal drivast. Løyva er gitt av statsforvaltarane. I tillegg er det krav som gjeld for alle deponi i kapittel 9 i avfallsforskrifta.

– I Møre og Romsdal er det tre aktive deponi, og vi har ført tilsyn med alle desse, seier Christian Dahl som er fagleiar i Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Syner  ulike soner for avfall, til dømes asbest, ved eit deponi.
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Ureinsa vatn

Mangelen på kontroll og reinsing av vatn som har vore i kontakt med avfall, sokalla sigevatn, og som deretter blir sleppt ut i sjøen, varierer mellom dei ulike deponia. Avvik som går igjen er at deponia har for dårleg oversikt over leidningane som leiar vatn med ulik grad av forureining gjennom eller bort frå deponiet. Hjå to av deponieigarane var det for dårleg risikovurdering av tilhøve som gjeld deponiet.

Tilsyna har vist at mykje vatn med stoff som har lekt ut frå deponert avfall, blir sleppt ut i sjøen utan å bli godt nok reinsa først.

Frist til 1. januar

– Vi ser med uro på at deponia ikkje klarar å reinse tilstrekkeleg, seier Dahl.

No krev Statsforvaltaren at betre reinsing må på plass. Deponieigarane har fått frist til 1. januar 2024 for å gje tilbakemelding på korleis dei vil få til dette.