Påfyll av kunnskap på AR5-kurs i Rauma

Bilete fra feltkurs i AR5 i Rauma
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

I midten av juni blei det arrangert feltkurs i AR5 i Rauma. AR5 er eit detaljert heildekkande, nasjonalt kartdatasett som skildrar arealressursene i landbruket.

Publisert 10.07.2023

Om AR5

AR5 står for arealressurskart i målestokk 1:5000. Kartet viser arealressursane med vekt på produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Areala blir delt inn etter ulike arealtypar; fulldyrka jord, overflatedyrka jord, innmarksbeite, skog, myr, open fastmark, utbygd, samferdsel, snø/isbre, ferskvatn og hav. Vidare  vert arealtypane skildra ut frå ulike eigenskapar som treslag og grunnforhold.

AR5 blir brukt i mange ulike samanhengar, som i landbruksforvaltning, arealplanlegging og lovforvaltning. Kartet er til dømes eit viktig grunnlag ved kontroll av arealtilskot i jordbruket.

Viktig med oppdateringar av kartet

Når det skjer endringar er det viktig at kartet blir oppdatert. Nedbygging, nydyrking, tilplanting eller gjengroing er typiske situasjonar som førar til endringar.

Skjermbilde frå AR5. Ulike fargekoder i kartet representerer ulike former for endringar i areala.
Skjermdump frå AR5. Ulike fargekoder representerer ulike former for endringar i areala. Foto: Skjermdump frå AR5.

Ansvaret for å oppdatere kartet er delt mellom Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og kommunane. Kommunane har ansvaret for den kontinuerlege oppdateringa. Då er dei ute i felt og kontrollerer at kart og terreng stemmer overeins. NIBIO utfører det som blir kalla periodisk oppdatering. Dette skjer kvart 4 - 10 år. Då ser dei over heile kommunen og oppdaterer jordbruksområde som har endra status.  

Feltkurs i Rauma  

Det er viktig med god kompetanse om AR5 for alle som jobbar i landbruksforvaltninga. NIBIO arrangerer difor kurs med jamne mellomrom. På kursa lærer ein om klassifisering og innteikning av arealtypar i kartsettet. Kursa består av ein teoretiske del og ein praktisk del ute i felt.  

I år blei teorien gjennomgått i eit felles webinar. Så blei det arrangert fem påfølgande feltkurs ulike stader i landet. Den 15. juni var det feltkurs i Isfjorden i Rauma kommune.

På feltkurset  var det 20 påmeldte deltakarar frå ulike kommunar og Statsforvaltaren. Kurset starta med ei kort oppsummering av teorien. Deretter blei vi delt inn i mindre grupper som skulle diskutere og kome fram til kva for arealtypar vi såg omkring oss. Alle gruppene fekk utdelt eit «manuskart» og eit jordbor for å ta ut jordprøver.

Bilete av jordbor og kart. Ein bruker framleis papirkart som «manuskart» ute i felt, da einskilde område kan være utan nettdekning. På kartet teiknar ein inn eventuelle endringar i araletypar og arealgrense.  Jordbor vert nytta for å sjå på grunnforhold og jorddybde
Ein bruker framleis papirkart som «manuskart» ute i felt, da einskilde område kan være utan nettdekning. På kartet teiknar ein inn eventuelle endringar i araletypar og arealgrense. Jordbor vert nytta for å sjå på grunnforhold og jorddybde Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Det er ikkje alltid rett fram å bedømme kva for arealtype ein skal fastsette. Her må ein sjå på både terrenget, grunnforholda, vegetasjontyper og tresetting på arealet med meir. Det blei mange gode diskusjonar undervegs, men stort sett var deltakarane samde om kva for arealtypar vi såg. Ved kvart område tok vi ei oppsummering i plenum.

Bilete av av deltakarane har oppsummering i plenum.
Oppsummering i plenum. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kurshaldarar frå NIBIO var Kjetil Fadnes, Senioringeniør i Divisjon for kart og statistikk. I tillegg var Svein Lidblom, Natalia Baydakova og Claire Groenink med, alle overingeniørar i Divisjon for kart og statistikk ved NIBIO.

Meir informasjon om AR5

PÅ NIBIO si nettside finn du meir informasjon om AR5. Her står det meir om både ajourhald, klassifikasjonssystem, kurs og rettleiing.