Statistikk

Møre og Romsdal er eit stort landbruksfylke, med 10 prosent av ku-, storfe-, geit- og sauehaldet i landet. Møre og Romsdal  er det fylket i landet som har størst matproduksjon samla sett frå land og hav.

Landbruket har gjennomgått ei omfattande strukturrasjonalisering med sterk nedgang i talet på bruk. Sidan årtusenskiftet er talet på gardsbruk i fylket gått ned med 37 prosent og talet  på mjølkeproduksjonsbruk er halvert. I same perioden har det totale jordbruksarealet gått ned med ca. 100 000 dekar, beite medrekna. Storleiken på gardsbruka har auka frå 40 dekar i snitt rett etter krigen til 180 dekar i 2009.  Omfanget av leigejord har auka i heile etterkrigstida og i gjennomsnitt har bonden om lag like mykje eigd som leigd jord.  Møre og Romsdal er blant dei fylka der mest dyrka og dyrkbar jord blir omdisponert til andre føremål. På denne sida er det samla statistikk frå dei ulike produksjonsgreinene i landbruket.