Skogkultur

Skogskjøtsel skal gje ei langsiktig, berekraftig ressursforvaltning ut frå ei heilskapleg vurdering av skogøkologiske, økonomiske og tekniske forhold, biologisk mangfald og moglege klimaendringar. Skogskjøtsel skal stimulere til ein virkesproduksjon, som i volum og kvalitet kan møte utfordringar i framtida.

Skogkultur handlar om planting og såing etter hogst, tiltak for naturleg forynging, skifte av treslag, suppleringsplanting, pleie av den etablerte ungskogen og stammekvisting. Investeringane i skogkultur skal vere med på å sikre framtidig produksjon og verdiskaping, samstundes som viktige miljøverdiar i skogen vert tekne vare på og utvikla. Skogbruket skal vere sikra tilgang på frø og planter. Fylkesmannen har ansvar for å kontrollere at treslag og proveniensar blir nytta etter gjeldande reglar, og at bruken er skogbruksfagleg forsvarleg.